Om Ole Vig

olevigOle Vig var født på Vikmarka i Stjørdal 6. februar 1824. Vikmarka var ein husmannsplass under garden Vikan. Faren var ein traust arbeidskar og ein klok og real mann. Mora var svært gåverik. Begge var religiøse. Ole hadde ei søster, Nikoline, og to brør som døde som små. Ole Vig utmerka seg i skolen og under konfirmasjonsførebuinga, som svært gløgg og lærenem. Det var prosten Widerøe som seinare fekk ordna med at Ole kom til Klæbu Seminar, som var det pedagogiske sentrum i Noreg på den tida.

Første posten hans var ein huslærarpost hos prost Magelsen i Åfjorden, 19 år gammal. Etter to år kom han til Kristiansund, først i almueskolen, seinare i borgarskolen. Ole fekk innsyn i Grundtvig sine skrifter, og dei gjorde inntrykk på han. Han reiste rundt på møte i bygd og by og starta lærarlag. Det er ikkje utan grunn at han har vorti kalla «lærarstandens far». Etter at Wergeland døde i 1845, var det Ole Vig som var «den store folkeføraren» i tida på det kulturelle området.

Han begynte å skrive, og i 1851 kom den første boka, «Liv i Norge». Nokon stor diktar vart ikkje Ole Vig. I 1851 reiste han til Danmark for å møte Grundtvig. Denne turen styrkte han i draumen om ein norsk folkehøgskole. Dette opplevde han dessverre ikkje, men den vart ein realitet 7 år etter hans død. Hausten 1854 flytta han inn i huset til Wergeland i Pilestredet i Oslo.

Den 19. desember 1857 døde han i Hjerterum, berre 33 år gammal. Han vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund på sjølvaste julekvelden 1857.