Korleis kan ein få Ole Vig-prisen?

Alle organisasjoner som har medlemmer i aldersgruppa 20-35 år, kan sende inn forslag på kandidatar. Forslaget skal innehalde namn, fødselsdato, heimkommune og adresse på kandidaten, og ei grunnjeving som er så utfyllande som mogleg. Det bør sendast med dokumentasjon på den innsatsen kandidaten har gjort. Forslaget skal underskrivast av minst to ansvarlege personar frå den organisjasjonen som foreslår. Kanskje neste vinnar av Ole Vig-prisen er medlem i din organisasjon? Send ein søknad!

Søknaden skal sendast til:
Ole Vig-fondet
v/Robert Mulelid
Dronningberget 12
7517 Hell

Søknadsfristen er 1.september i 2016. Utdelinga skjer på seinhausten samtidig med Stjørdal Kommune sin kulturpris. Prisen er på 10 000 kroner.